onsdag 16. juni 2010

Update.

Gjenge litt opp og ned med blogginga, men her kjem vertfall første innlegg i juni!
Og mykje har eigentleg skjedd sidan sist!

Allereide i mai var eg ein liten svipptur til London! Eg og min gode venn Ruben, pluss ein skokk ukjende folk frå frekhaug folkehøgskule reiste til London mandag 24.mai, tilbake torsdag 27.mai! Og det vart eit særs vellykka opphald etter mi meining! Kjekke, flotte folk skulle dei visa seg å vere dei eg reiste saman med og eg hadde ein nydeleg tur med aldeles strålandes vér vertfall dei første dagane! Og hovudgrunnen til at vi i det heile tatt drog var nok konsert med denne karen:

Og for ein konsert! Mr. John Mayer skuffa ihvertfall ikkje meg og eg storkoste meg og sang med for full hals til eg vart hes og meir til når konserten var over. Etter 2 timer med berre godsangar spelt av eit thight og meget dyktig band, krydra me varemerke gitarsoloar frå John sjølv, ein liten trommesolo og eit publikum som syng med for full hals var det heile over, avslutta med ein heftig versjon av "Gravity". Eg sat mållaus og lysten på meir etter konserten men brått var det heile over. No håpar eg berre han kjem til Norge og!

Ellers var eg og på min første musikal, nemleg "We will rock you", ein musikal og hyllest om og til bandet Queen. Ein meget positiv opplevelse det også! Så alt i alt eit vellykka opphald i London som óg innehaldt England-Mexico, mykje trasking opp Oxford street innom diverse butikkar osv, eit par besøk innom Burger King, kjapp visitt innom BigBen og trafalgar square, ein skikkelig English Breakfast og eit lite hotellrom med ducktape'a dørstokk!:D pluss ein del anna :p

Så det var slutten av Mai for min del, mens Juni til no har inneholdt;
- VM START:D
Naturleg nok sit eg mykje klistra til tvskjermen i desse tider med VM døgnet rundt men det er berre sunt seier no eg! hehe
- Ei travel helg
Forrige helg blei det fullt opp med både jobb og anna då eg skulle ut på lagsbesøk både torsdag og laurdag pluss ein tur innom Spjelkavik bedehus på Søndag. Med forberedelse og anna blir det fort mykje for ein urutinert ungkvalp som meg:D Men veldig kjekt var det!! Samtidig arrangerte Godøy IL fotballskule så eg tilbringte store delar av Laurdagen der i tillegg til kampen på fredag. Mandag til Onsdag brukte eg på å måle huset til mormor som no strålar i kvitt takka vere meg sjølv og Ruben pluss litt LarsK :p Gode ting!
- Godøys første 3poengar!!
Fredag tok vi heim vår første sigar i årets 3.divisjon med ein 3-1 siger over Brattvåg! Noko som var ubeskriveleg deilig og gjer oss lystne på meir! Så no ser vi fram til neste kamp mot Norborg allereie imorga, Torsdag 17.juni og håpar at vi klarar å halde innsatsen, gløden og poengsankinga oppe!

Og til helga er det minileir på Orreneset som eg etter planen skal vere med på! Ei stund sidan sist eg var på leir no så det gler eg meg til!
Kanskje snakkest vi der??

2 kommentarer:

  1. Følge med på blogge din kvardag, Sven! Veldig spennende! :D

    SvarSlett
  2. hahaha sabla dyktig å oppdatere vertfall:D men konge det! Følg med på den spennende fortsettelsen :D

    SvarSlett