torsdag 20. mai 2010

Phil Wickham - Cannons

Sidan eg likar musikk ganske godt tenkte eg at eg skulle gi tips om ein sang litt i tråd med forrige post! Sjølv om den videoen var frå "How Great Is Our God" turnéen (hør den sangen og!) vil eg anbefale ein annan sang og! Nemleg denne:



Phil Wickham - Cannons
Kjempesang! Og ein kjempeartist med MYKJE bra musikk! Sjekk han ut og løp og hør :p

Louis Giglio: How Great is our God Part 1

Huska første gong eg såg denne filmen! Trur eg såg den 5-6 gongar på rad berre for å få med meg alle tala og prøve fatte og skjønne alt sammen! Men trur fortsatt eg berre skjønar ein bitteliten brøkdel av kor stor Gud er! Men denne videoen fekk vertfall opp augene mine litt meir og det håpar eg den vil gjere for deg og! Så skjerp sansane og gjer deg klar til å bli "amazed"! Dette er part 1 (del 1) og du sjå alle 5 delane!!
Digga golfballen :D enjoy!

onsdag 12. mai 2010

Desperat?

"The proof of desire is in pursuit"
I tråd med tidas vidsomsord ut i margen tenkte eg at eg skulle skrive eit innlegg! Eg syns nemleg at denne lille setninga er så god og når eg hørte ho la eg ho straks på minnet. Og mens eg sat ein dag og funderte på dette gjor det seg opp nokre tankar som eg tenkte eg skulle dele med eventuelle lesarar:)

Uansett først litt om kva det betyr. Det vert ikkje like kult på norsk, men fritt oversatt noko slikt som; "Beviset på ønsket etter noko, er å jage etter det" hehehe, klinger ikkje like bra :p Men uansett; om du verkeleg ønsker deg noko eller å oppnå noko, må du jobbe for det. Du må bruke tid på det, jobbe med det og jage etter det. Vil du bli fotballproff krever det haugevis med timar på treningsfeltet, vil du bli advokat/lege etc krever det fleire lange, tunge år på skule. Og vil du stifte familie og få haugevis med barn krever det ikkje heilt lite det heller. (har eg høyrt:p) Uansett kva du vil, stort eller lite, vil det som regel koste. For det har seg slik at svært få ting, eller om i det heile tatt noko, kjem gratis her i livet. Bortsett frå nåden sjølvsagt ;)

Men så byrja eg å tenkje litt på kva dette har å seie for meg sjølv i mitt eige liv. Jagar eg etter dei tinga som eg meinar at eg vil oppnå? Gjer eg ein innsats for å bli den personen eg ønskjer å bli og dei tinga eg vil stå for? Og spesielt i ein kristen samaheng.
Gjer eg mitt beste for å tjene Gud med heile livet mitt, slik som eg gjerne vil?
Eg vil så gjerne vere lik Jesus og bli den personen Gud meinte for meg å vere. Men noko hindrar meg. "Jaget" etter det uteblir. Og då tenkjer eg med eitt på Paulus sine ord i Romarane 7.
"Det gode som jeg vil, gjør jeg ikke, men det onde som jeg ikke vil, det gjør jeg."
For det er litt slik. Ihvertfall i mitt eige liv. Eg tenkjer, trur og vil ein ting, men gjer det heilt motsatte. Og veldig ofte vert eg irritert på meg sjølv. Kva i alle dage skal man gjere med slikt?
Eg velj å sitere Romerne 7 frå en bibeloversettelse som formulera seg litt annaleis og til tider meget bra spør du meg:p Den heiter The Message og gjer avogtil vanskelege ting litt lettare å forstå med eit litt meir kvardagsleg språk :)
"I can will it, but I can't do it. I decide to do good, but I don't really do it; I decide not to do bad, but then I do it anyway. My decisions, such as they are, don't result in actions...Is there no one who can do anything for me?..The answer, thank God, is that Jesus Christ can and does. He acted to set things right in this life of contradictions where I want to serve God with all my heart and mind, but am pulled by the influence of sin to do something totally different."
Rom 7:17-20, 24-25 (The Message)
"Avgjerelsane mine, slik dei er, resulterar ikkje i handlingar". Eg har ikkje talet på kor monge ting eg har villet, burde og kanskje bestemt meg for å gjer, men så har menneskefrykt, likegyldighet eller andre ting har hindra meg i å gjere det.
Eg klarer det ikkje i meg sjølv! Og som han kjem fram til på slutten så er det Jesus som er løysinga!! Han kom for å ordne opp i dette livet av motsigelser der eg gjerne vil tjene Gud med heile mitt hjarte men blir dratt tilbake av syndas innflytelse til å gjer noko heilt anna. Berre Jesus kan ordne på dette! Så det er så avgjort at eg treng så mykje av Jesus som mulig for at den motseiande vilja inni meg skal bli mindre og mindre.

Så viss Jesus er medisinen for å bli kvitt motviljen inni meg, og motviljen er det som hindrar meg i å jage etter ønsket om å tjene Gud med heile mitt liv, ja då
har vi funne løysinga! Jesus, Jesus og Jesus. Pluss litt Jesus. Eg må bli desperat etter Jesus.
"En ung og ivrig kristen mann gikk en dag til en av de eldre i menigheten. Det var tydelig at denne eldre mannen var velsignet og iløpet av ett langt liv hadde han utført mange under i Jesu Navn og vert vitne til flere mirakler. På mange måter hadde denne mannen levd ett slikt liv denne unge mannen også ønsket å leve. Ett liv levd sammen med Gud, basert på Hans Ord og i kraften av Det. Den unge mannen gikk til den eldre og spurte om ikke han kunne lære ham hvordan. Hva skulle til for at han óg kunne leve så nær til Gud? Han ville også helbrede de syke, preke til tusener og gjøre store under i Jesu Navn. Hva skulle til?
Den eldre mannen sa ikke ett ord og tok med seg ungdommen ned til vannet. De to gikk utover til vannet sto til magen. Plutselig tar den eldre tak i ham og trykker ham under vannet og holder ham der. Den unge mannen prøver forskrekket å komme seg løs og spreller, sparker og slår om seg i panikk. Den eldre mannen fortsetter å holde ham under mens ungdommen desperat kjemper for å komme seg løs. Idet kreftene svinner hen og han går tom for pust slipper den eldre taket. Ungdommen spretter opp av vannet og gisper etter det frigjørende åndedraget. Den eldre mannen tar tak ham og sier; "Den dagen du er like desperat etter Jesus som du var desperat etter det åndedraget kan du komme til meg og spør meg igjen, så vil jeg hjelpe deg"

wooooow tenkte eg når eg satt der heilt paff etter å ha høyrt det.
Så det er det alt handlar om;
Jesus Kristus.

Er du desperat?

mandag 3. mai 2010

Victor Wooten amazing grace

aaah kom over dinne gamle klassikern her en kveld og tenkte eg måtte "poste" den her for den som ikkje har sett den før! Huska første gong eg såg den og satt og måpte og drømte at det var eg som sto på ei scene med slik ein groove, timing og herlig sound! Kor vidt det er oppnådd kan vel diskuterast :D men ein fantastisk performance av en av verdens aller aller aller beste bassista og favorittane mine;) Skru opp lyden, len deg tilbake og sjå/hør heile!!
E N J O Y !

Og ja han spela på en bassgitar! :D