mandag 12. april 2010

Første egentlige innlegg

Ja! Då har eg sote ei god stund for å prøve å få denne bloggen til å sjå mest mulig heftig og kul ut! Eg syns eg lukkast veldig godt til ikkje å vere den mest avanserte dekoratøren :p Eg vil oppfordre dokke til å legge merke til "Dagens visdomsord" til venstre i bloggen der det garantert kjem til å dukke opp uttallige gullkorn og gode ord å ta med seg! kanskje nokre på engelsk til og med men det får gå!

Uansett so er den nye bloggen vertfall igang for fullt, det første innlegget er underveis og eg er klar for å erobre bloggerverdenen!
Eg kjem som regel til å skrive om akkurat det som fell meg inn! Med mindre eg blir tvinga til noko anna :p

Men etter ei fin påskefeiring og frihelg etterpå der eg blant anna igår var på Color Line og såg Aafk slå Viking 3-1 mens Man Utd "tapte" 0-0 mot blackburn går eg med litt blanda følelsar inn i den komande veka som blant anna inneheld ein tur på barnehagen, Emblem juniorving, ein konfirmantfest i solevågen, seriestart for Godøy på Fredag og årsmøtehelg i sunnmøre indremisjon laurdag og søndag! So det blir ei knallhard veke med mykje morro :D

Ellers e Bever'n sjøsatt og eg har hatt den første båtturen innom vakre Ålesund i solskinnet og gleder meg til å få trene fotball på naturgras snart! Våren er digg:D snart kjem vel første fjellturen og ;)
Til neste gang; gi nokon ein klem!